Dette biletet er teke frå Prestbø og syner den austre delen av sentrum i 1920-åra. Frå venstre ser me Knutinehuset, Rolvsastova, Marta i Svingen (seinare M. Vestbøstad) og Tinghuset. I midten ser me Losjehuset og i bakgrunnen til høgre ser me Grønahuset og Fylkesskulen med Josefinehuset. I framgrunnen til høgre kjenner me att Tollakshuset og Torkildsbarbrohuset (vart rive i 1938).