Biletet er frå ca. 1930 og er teke frå der Havnahuset står i dag. Frå venstre ser me Losjehuset (Ungdomhuset på den tida), huset til Sara og Knut Rydland (huset står framleis), Fylkesskulen og Josefinehuset (Huset til Josefine og Johannes Haugland – foreldra til Sara Rydland). Dette huset vart seinare bygd inn i Fitjar Husmorskule og søre enden kan sjåast framleis. Heilt til høgre ser me Strikker-Hanne-huset.