Biletet er udatert, men truleg frå tidleg på 1900-talet. Frå venstre ser me Knutinestova, Rolvsastova, Marta i Svingen (Marta Skumsnes) sitt hus og gamle Tinghuset. I bakgrunnen til høgre kan me skimta huset til Ole Træet.

Dei to første husa vart rivne i samband med "rydding" i sentrum til kongevitjinga i 1961. Tinghuset var Fitjar herad sitt første – det vart bygd i 1887 og rive i 1985 då Fitjar Sparebank sette opp nybygget sitt. Tinghuset endra utsjånad fleire gongar bl.a. i 1916 fekk det 2 etasjar og i 1928 vart det snudd for å gje plass til vegen austover/ nordover.

Me kan vel heller ikkje unngå å leggja merke til den store steingarden i framgrunnen og Rossneset utan skog i bakgrunnen.

Fleire bilete frå gamle dagar finn du her