Slik såg Fitjar sentrum ut i 1911. Til høgre ser me Tronko (butikken til Johannes Tveita) med bakeriet. Hermann Henriksen kom til Johannes Tveita som bakar i 1910. Heilt til venstre ser me Reinabuo og Dahlebuo. Elles er det dei mange nausta som pregar sentrumsmiljøet.
Nausta til Fitjargarden låg på vestsida av Tronko. Den opne plassen er Fitjar-almenningen – dvs. fellesområde for bruka på Fitjargarden.

Rimbareidnausta låg frå der "gamlevegen" kjem ned og vestover mot Dahlebuo. Prestbønausta låg frå Dahlebuo og vestover.

Me ser også store steingardar langsetter sentrumsgata og i tillegg nokre telegrafstolpar.

Fleire bilete frå gamle dagar finn du her