Biletet er frå tidleg på 1930-talet og viser den gamle Sjøsbrekko og Fitjar sentrum den gongen. Vegen svinga ved kyrkjegardsmuren og heldt fram ned mot brannstasjonen. Svingen vart borte då Håkonarparken og kommunehuset skulle byggjast.

Huset til høgre er huset og bakeriet til Hermann Henriksen. Det vart bygt i 1927. Butikken til Anton Tangen (tidlegare Tronko og seinare Odd Larsen AS) står ved sida av. Anton Tangen dreiv butikken frå 1914 til 1947. Lengre til venstre ser me Fitjar Handelslag sitt bygg. Det kom opp i 1919. Me kjenner også att Dahle-buo.

Legg også merke til telefonstolpane. Dei vart etterkvart ein naturleg del av kvardagen. Langs sentrumsgata kan me også skimta lysstolpar. Dette er før Fitjar Kraftlag si tid, men Vestbøstad Mølle leverte elektrisk straum til Fitjar Husmorskule då den starta i 1933. Denne kraftlina gjekk vest for Storhaugen, ned til sentrum og vidare til Fitjar Husmorskule.

Fleire bilete frå gamle dagar finn du her