Hordaland Fotballkrets stadfestar i dag at Fitjar IL også i 2010 spelar i 5. divisjon.

Informasjonskonsulent Jan Otto Solberg i Hordland Fotballkrets fortel at det berre kan rykkja eitt Hordalands-lag ned frå årets 2.divisjon. Då er Fitjar IL med sin 3. siste plass i 5. divisjon på trygg grunn.

Sjå link til tabellen her:
  http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=37602).

Dermed gjeld reglar for opprykk og nedrykk på nettsida til Hordaland Fotballkrets, fortel Jan Otto Solberg. Det kan sjåast vekk frå det som har med «ytterligere nedrykk vil øke proporsjonalt …»
http://www.fotball.no/Kretser/Hordaland/aktivitet/voksenfotball/Opp-nedrykk-og-KM-sluttspill/.

Seniorleiar i fotballgruppa til Fitjar Idrettslag, Geir Tore Søreide, seier i ein kommentar at han sjølvsagt er glad for at Fitjar-fotballen unngjekk eit nytt år med nedrykk. No skal fotballfolket senka skuldrene, og om kort tid går dei i gang med å evaluer
a årets sesong.