Det er in. Storbyane har det. Nokon kallar det retro. Fitjar har hatt det i fleire år. No er det strikkekafe som gjeld.

Fitjar husflidslag inviterer til strikkekafe saman med Cafe Annemor. Jula er såvidt over, og det er langt frå fullt på kafeen denne tysdagskvelden, men stemningen er god. 15 damer har benka seg rundt borda og funne fram det dei har i vesker og posar. Det er ikkje berre strikking det går i, det er ikkje alle som likar å strikka. Andre heklar, hakkar eller broderer. Teknikkane er mange og produkta ulike. Her vert det laga sokkar, dukar, nissar, teppe, gryteklutar… Dette er og staden for deg som vil læra ein ny teknikk, som treng hjelp med ei oppskrift eller har hatt eit handarbeid liggjande i ei skuffe i 10 år og treng hjelp til å koma igong med det igjen. Her vert du teken godt imot. Den samla husflidskunnskapen er stor, og det er ekspertar på mange felt, alt frå gimping, hakking, englemasker, vanskelege strikkeoppskrifter, uforståelege hekleoppskrifter osv. Mange tips å henta for dei som vil læra. Husflidsdamene er flinke til å halda i hevd gamle, no moderne,  teknikkar, og lærer dei villig vidare. Tidlegare har dei og vore med på Ope hus i kulturbygget og har hatt strikkekrok med ungdomane der.

Det er mykje å sjå på. Alle må studera og diskutera det dei andre held på  med. Oppskriftene går rundt bordet, og det vankar både oppmuntring og ros. 

Dei er langt frå einspora denne gjengen, og det handlar ikkje berre om handarbeid, oppskrifter, fine framsider og baksider. Dei er opptekne av det som rører seg i tida og diskuterer både skulepolitikk og situasjonen i Kenya. Drøsen går lett, blandt dei som ikkje tel masker, om folkeskikk før og no, neiing og bukking, barnedåp, konfirmasjon, rasisme og reising. Dei har knapt tid til å eta, men etterkvart vert kaffitrangen for stor, og ein vaffel med rømme og syltetøy eller eit rundstykke glir lett ned mellom arbeid og prat.

Det er strikkekafe på Cafe Annemor ein gong i månaden, kan Petra Espevoll fortelja. Innimellom det har dei handarbeidskveldar på Fitjartun, og der er og alle velkomne. Nokon skulle teke bilete av fotografen, seier Petra på veg ut, for å visa at ikkje alle her høyrer til i "besteforeldregenerasjonen". Det kjem yngre folk hit og, berre ikkje akkurat i dag. Uansett alder, strikkeinteresse og strikkedugleik er du velkomen hit.

Neste strikkekafe på Cafe Annemor er 12. februar kl. 19-21, men allereie 22. januar kl. 19.00 er det handarbeidskveld på Fitjartun.