Gutelaget til Fitjar gjekk lett vidare til 16-delsfinalen i B-sluttspelet, etter 5-0 mot danske Team Tommerup 2 frå Fyn.

Heile laget spelte ein solid kamp mot ein ikkje altfor solid motstandar frå Danmark. Team Tommerup 2 var eit klart hakk svakare enn Fitjar, og hadde eigentleg ingen sjanse.

Etter første omgang stod det 3-0 etter scoringar av Tormod Tørnquist, Øyvind Fykse Lie og Leif Tore Aarland. I andre omgang fortsette Fitjar der dei slapp i første, og scoringar av Mats og Mads gjorde at det til slutt blei 5-0. Den enklaste kampen så langt i turneringa.

Eit interessant innslag i denne kampen var at dommaren irettesette supportergjengen til Fitjar for å vera for aktiv. Dommarane i turneringa har elles vore gode, men denne var nok i strengaste laget. Me kan vanskeleg førestila oss korleis dommaren skulle kunna gi gult eller raudt kort til publikum …