Etter inspirasjon av «America got talent» og «Norske talenter» vert det onsdag 28. april 2010 kl. 19.00 kvalifisering til «Fitjar got talent» i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Ønskjer du å delta må du vera i alderen frå 6.klasse til og med 18 år. Du kan delta med songinnslag, dans, sketsj, instrumental eller anna.

Elles gjeld følgjande reglar:
• Ingen innslag må vare i meir enn 5 minutt.
• Det er lov å vere med på fleire innslag, men ikkje i same klasse.
• Det blir nytta singback på kvalifisering. Instrumental kan ha backing playback.
• Det er lov å nytta dans/kor på musikalske innslag. Anbefalast !
• Dei 20 beste innslaga går vidare til finalen 20. august.  Det er opp til dommarane å avgjere kva innslag som går vidare. 6-7 klasse vil bli behandla i eiga gruppe; ungdomsskule og vidaregåande skule likeeins.

Merk deg òg:
• Ved stor påmelding vil det bli arrangert to kvalifiseringar. Den neste vert då truleg 16. mai.
• Finalen 20. august er i samband med Fitjar Festivalen 2010 og blir ein eigen ungdomskveld med forskjellige innslag. Mellom anna får me besøk av Shackles som vart nummer 2 i X-Factor 2009. Dei vil og delta som dommarar under konkurransen.
• Det blir lagt opp til proft opplegg med lys, scene, lyd etc. under både kvalifisering og finale.
• Vinnarar må rekna med  å bidra under det store Familieshowet i Fitjar sentrum, laurdag 21 august på dagtid.
• Her deltar Asgeir Borgermoen med fleire.

Påmelding innan 13. april, til Ole Bergesen
Mail: ole@fkib.no (Berre mailpåmelding)
Info: 959 75 150.
Skriv i mail; namn, alder/klasse og kva du skal gjere.
Du blir kontakta for vidare framdrift, øving med lyd og anna.

Arrangør for Fitjar got talent er:
Fitjar Teaterlag, Barne & Ungdomsgruppa
Ungdomsrådet
Fitjar Festivalen 2010