Kultursalen var smekkfull, publikum fekk mykje god underhaldning under «Fitjar got talent» fredag kveld, og to unge rapparar frå Sagvåg vann ein velfortent siger. 

Det såg lenge spøkje ut for arrangementet «Fitjar got talent», som Fitjar ungdomsråd, kulturkontoret og Fitjarfestivalen stod saman om å skipa til. Men etter ein sterk innspurt av arrangørane var det klart for heile tolv innslag på scenen i Kultursalen fredag kveld. Eit ungt publikum fylte stolradene nesten til siste plass, og fekk mykje å gle seg over.

Konferansierane Tuva Nysæther og Alice Rose Mehammer presenterte det eine friske nummeret etter den andre, og jubelen stod i taket rett som det var i løpet av den timen det tok å køyra gjennom programmet. Menyen var variert, med heavy metal, song, piano, ein trommesolo, turn og piano. Og det var på ingen måte opplagt kven som skulle gå av med sigeren då dommarane trekte seg tilbake for å bestemma seg.

Juryen som bestod av Ingrid Bergesen, Per Egil Larsen og Årstein Tislevoll, hadde ingen enkel jobb etter å ha sett ei rekkje flotte nummer. Men etter kvart blei dei samde om at det var brørne Ruel Angelo (15) og Rui Christopher (13) Desucatan frå Sagvåg som fortente 1000 kroner for førsteplassen.

Med den eigenkomponerte låten «Tell me» imponerte dei to gutane frå Sagvåg litt meir enn to andre sagvågsungdommar. Solfrid Steinsland (11) song særs vakkert til akkompagnement av Lea Synneva Andersland (12) på piano. Det gav 500 kroner til dei to ungjentene. Beste fitjarbu blei 13 år gamle Tuva Grimen, som imponerte både dommarane og publikum med eit originalt turnnummer. Det gav 250 kroner i kassen.

Med fullt hus og stormande jubel kan kultursjef Bente Bjelland og dei driftige arrangørane i Fitjar ungdomsråd pusta letta ut. Vonleg nok til å slå seg lause på dansegolvet til musikken frå den unge islandske DJ-en Agúst Helgi Jónsson, som overtok scenen etter konkurransen.