På soknemøtet etter gudstenesta i Fitjar kyrkje i går vart det vedteke å ta i bruk den nye salmeboka, Norsk salmebok 2013. Her er Fitjar godt representert.

– No er det opp til soknerådet å avgjere kva for typar og kor mange salmebøker som skal kjøpast inn, seier soknerådsleiar Torunn Aarskog til fitjarposten.no. Rundt  40 personar vart igjen etter gudstenesta for å delta på soknemøtet.

Sokneprest Olav Oma gler seg over vedtaket..

– Du vil finne igjen dei fleste av dei gamle salmane, og samstundes er det ein del nytt. Det er rikdom i det, seier han.

Fitjar godt representert

Kyrkjeverje Harald Rydland peikar på at Fitjar er godt  representert i den nye salmeboka:

Elisabeth Moldestad har fått med sin salme «For augo våre faldar ein skapardraum seg ut» (Nr. 592) med melodi av Eilert Tøsse. Bjørg Marit Notland f. Bukkholm har laga både tekst og melodi til «Må Gud velsigna deg» (Nr. 638) og Oscar Stein Bjørlykke er representert i både salme- og bønedelen av boka. 

I tillegg til dette har, som me tidlegare har skrive, Aud Gloppen designa boka.