Planlegginga av Fitjarfestivalen 2014 er godt i gang, fortel den nyvalde leiaren, Sigurd André Maraas.

Styret i Fitjarfestivalen 2014 valde tysdag kveld Sigurd André Maraas til ny leiar. Han har ikkje teke over hovudansvaret før i kveld, men fortel at planlegginga allereie er godt i gang.

Årets festival vil gå av stabelen frå torsdag 7. til søndag 10. august, etter mykje godt same leisten som før. Også i år blir det temakveld i kyrkja torsdag kveld. Fredag blir det offisiell opning samtidig med at bodgata på kaien opnar. Her vil naturlegvis matteltet vera på plass, med mykje god, lokal Fitjar-mat. Seinare på kvelden blir det «Wild West»-kveld i idrettshallen, Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Laurdag føremiddag blir det som vanleg ymse arrangement for heile familien. Den startar med at bodgata opnar, og så blir det fiskefestival, mat i teltet, underhaldning på kaien, og aktivitetar av ymse slag. Styret ønskjer å utvikla fiskefestivalen endå litt meir. Den har eit godt ord på seg, ikkje minst fordi publikum får del i fangsten. I år vonar dei å få vist korleis fisken kan brukast, blant anna med grilling av fisk på kaien.

Dei store konsertane i år blir ikkje på kaien, men i Fitjar kultur- og idrettsbygg. – Det er enklare å rigga til der, seier Ivar Hovland i festivalstyret. Kven som skal opptre, vil ikkje den ferske festivalleiaren ut med. Alle avtalene er ikkje klare enno, men etter det me forstår, kan me venta fleire store namn til Fitjar i august.

Fitjarfestivalen vil kunna lokka med fleire kjende namn, men me ønskjer på mange måtar å reindyrka den lokale profilen, seier den nyvalde festivalleiaren i spissen for eit styre som elles består av Trond Gerhardsen, Tom Rydland, Ivar Hovland, Sissel Jørgensen, Geirmund Aga, Rune Sandvik og Bente R. Koløen.

– No er me i gang, seier ein entusiastisk Sigurd André Maraas, som manar frivillige lag og organisasjonar til innsats. – No håper eg dei lokale frivillige begynner å røra på seg, seier den nyvalde leiaren til slutt.