Ein ny tiltakspakke til kommunane skal heve standarden på kommunale bygningar og samtidig bidra til fleire arbeidsplassar.
– Når vi no har fått kontroll på smittespreiinga, er det tid for å trappe opp innsatsen for å få fart på norsk økonomi igjen. Veien ut av krisa handler om å få fart på norsk næringsliv att, og inkludere fleire i arbeidsmarknaden, seier Liv Kari Eskeland (H) i ei pressemelding fredag.
Eitt av fleire tiltak for å motvirke arbeidsløysa, er regjeringa sitt føreslegne tilskot på totalt 2,5 milliardar kroner til vedlikehald av kommunale bygg og anlegg, noko som vil bidra til å skape arbeidsplassar i den lokale bygg- og anleggsnæringa.
– Her vil Stord få tilsaman 8,6 millionar kroner, pengar som kommunen heilt sikkert har gode planar for å kunne nytte på ein effektiv måte.
Mogleg nytt næringsfond
Eskeland trekker fram to formål kommunen kan oppnå med tilskotet.
– Å setje kommunale bygg og anlegg i stand, samt å syte for at lokalt næringsliv får oppdrag for å halde hjula i gang.
– I tillegg kjem alle dei store satsingane på grøn omstilling som også vert presentert i dag. Det er desse som verkeleg kan vere viktige bidrag til leverandørindustrien her vest.
Fitjar kommune vil få 1,4 millionar kroner i si tilskotspakke.
Vidare føreslår regjeringa å gi 600 millionar kroner til kommunale næringsfond, samt 90 millionar kroner til ENØK-tiltak, ladepunkt, JaTak, BIM-skanningar og digitalisering av eiendomsdrift.
– Gjennom kommunale næringsfond kan kommunane legge til rette for auka aktivitet, støtte eksisterande næringsliv og bidra til å skape nye arbeidsplassar etter krisa, seier Eskeland.
Gler seg til å markere biogassoppstart
Regjeringa føreslår også 400 millionar kroner ekstra i skjønnstilskot til kommunane. Fylkesmennene får ansvaret med å fordele tilskotet til kommunar som har hatt spesielt store utgifter knytt til smittevern innan omsorgstenesta, barnehagane eller skulane.
– I tillegg til det som blir presentert her, er det no viktig at det også kjem verdiskaping og arbeidsplassar i privat sektor. Slik sett gler eg meg til å få vere med på avduking av grunnsteinen til Biogassanlegget på Eldøyane i dag, seier den tidlegare Stord-ordføraren.
– Dette vil bli eit viktig bidrag til nye arbeidsplassar og eit nytt steg på vegen for å vri vårt energiforbruk frå fossilt til fornybart.