Geir Strand (t.v.) har drive G. Strand Entreprenør AS i ei årrekkje. Her saman med Karl Sandvik under arbeid med kyrkjegardsmuren i 2012. Foto: FP-arkiv/HCH

Geir Strand har nådd pensjonsalder, og avviklar dermed selskapet G Strand Entreprenør som han har drive saman med sonen.

I november blei selskapet meldt oppløyst i Brønnøysundregisteret.

Innehavar og fitjarbu, Geir Strand, opplyser at det er hans eigen alder som er årsaka til at selskapet blir lagt ned.

– Nei, no gadd eg ikkje meir. Eg har no halde på halvtanna år lenger enn eg eigentleg skulle, og no var det nok.

Han har drive selskapet saman med sonen. Strand legg ikkje skjul på at marknaden dei siste åra har vore vanskeleg.

– Det er ikkje vits å halde på lenger no når marknaden er så dårleg som den er no. Marknaden har jo alltid svinga, men det er blitt mykje verre dei siste åra, med alle desse leilegheitane dei hiv opp på Stord.

Strand viser til at hovudmarknaden til selskapet har vore i samband med utbygging av private einebsutadar. Når stadig fleire flyttar i leilegheit er det mindre jobbar å hente.

G. Strand Entreprenør hadde i fjor ei omsetnad på 4,1 millionar kroner. Det førte til eit underskot på 458.000 kroner. Dei to siste rekneskapsåra har selskapet tapt nær éin million kroner.

- Annonse -

Sjå rekneskapstala her: