Ein sjetteklasse frå Rimbareid skule deltok i Fredsstafetten på Vikahaugane i går.

I rundt 30 år har elevar i Stord-skulane markert frigjeringsdagen med Fredsstafetten på Vikahaugane. Vanlegvis har den blitt avvikla den onsdagen nærmast 8. mai, og i år fall arrangementet altså på sjølve dagen. Arrangørane hadde nok håpt på 25 til 30 lag slik det plar vera, men gårsdagen var innleiinga på ei langhelg. Dette førte nok til at deltakinga blei noko mindre enn vanleg.

Totalt stilte 17 lag frå 5. til 7. klasse på startstreken i går. Av desse var eitt lag frå Fitjar. Klasse 6A frå Rimbareid skule tok mot utfordringa, og gjorde det godt mot lettbeite stordabuar. Super innsats gav til slutt fjerdeplass i kamp mot dei andre sjetteklasselaga. Med tida 3.22,41 var dei berre 14 sekund bak vinnarlaget frå Hystad skule.