Ordførarkandidat Sigurd André Maraas (Frp) har sendt oss eit lesarbrev som du kan lesa nedanfor.

Fitjar Frp meiner at Fitjar kommune skal forsetta å vera ein levedyktig, robust og trygg stad å bu. Enten aleine som kommune, eller som ein del av ein større kommune. Det er dette som er essensen i debatten om endringar i kommunestrukturen.

Eit bortimot samla storting, inkludert Ap vedtok at det skulle gjennomføres ein frivillig kommunereform her i landet. Fitjar er midt i denne prosessen samen med de fleste kommunane rundt oss. Når eit parti som Ap kommer med slike skremsler som tvang, fråflytting av Fitjar, samt nedlegging av både skular og arbeidsplassar, ja då syns eg Ap tar munnen for full, og det er eit noe harskt valgflesk som vert lagt fram. Ap veit at det skal forhandlast og diskuterast om alt som dette kan innebere.

Fitjar kan likegodt komme styrka ut av en strukturendring. Me kan få fleire arbeidsplassar i bygda, skulane kan få fleire elevar pga tilflytting samt me kan få legesenter med både eldresenter, legar, tannlegar, spesialistar og andre tjenester. Men det blir bare ein optimistisk spådom frå undertegnede.

Det me veit, er at det ligg ekstra pengar i potten som ein kan ha med seg til forhandlingsbordet, som strekk seg over de neste tjue åra, dersom ein går inn i forhandlingar med nabokommunane om dette innen fristane som er satt.

Fitjar kommune og oss politikarar veit ikkje enda svara på desse spørsmåla, det er dette me holder på å utrede, slik at fitjarbuen skal kunne ta stilling til det tidligast våren 2016. For å rekke tidsfristen som er 1. juli 2016, en frist også Arbeiderpartiet stemte for å sette ifølge leder av kommunalkomiteen, Helge André Njåstad. Ingen veit pr i dag korleis inntektssystemet til kommunane vert etter 2017, anna en at det vil bli endra.

Fitjar Frp ønsker å være i førersetet i prosessen, nettopp for å sikre bedra tjenester, styrka tilbud samt fitjarbuens ve og vel. Fitjar Frp garanterer at me ikkje kjem til å stemme for noen endringar dersom det vil redusere tjenestetilbudet for innbyggarane i Fitjar. Fitjar Frp ønsker uansett ein folkeavstemming om dette dersom det blir aktuelt med endringar.

Fitjar Frp er i dialog med leder av kommunalkomiteen, Helge André Njåstad med jamne mellomrom for å være oppdatert samt å vise at me er seriøse politikarar som tar oppgåva Stortinget gav oss på alvor.

Ei stemme til Fitjar Frp er ei stemme til eit parti som lyttar og set innbyggarane sine behov framfor alt.

Husk, me e her for deg.

Helsing Sigurd Andre Maraas 1.kanditat, Fitjar Frp.