I dag fekk Fitjar-dommaren Signe Kvalsvik Rydland prøva seg i Toppserien igjen.

I løpet av sesongen har Signe fått med seg fleire utanlandsturar, til Spania, Georgia, Malta og Slovenia, som assistentdommar i mange internasjonale kampar. Den offisielle debuten sin i Toppserien for kvinner fekk ho i juni i år, i kampen mellom Klepp og Røa.

Dagens toppserieoppgjer mellom Arna Bjørna og Kattem var såleis den andre kampen hennar som hovuddommar på dette nivået. Og ho gjorde ingen synlege feil, i alle fall ikkje om me skal dømma etter reaksjonane frå tribunen. Sjølv seier ho seg brukbart fornøgd med kampen.