Damelaget til Fitjar IL spelte ein god kamp, og vann ein klar siger i prestisjeoppgjeret mot Njardar Tysnes. Spesielt takka vere ein sterk 1. omgang, som dei vann så klart som 4-0. Det var ein flott ettermiddag på kunstgrasbanen og mange tilskodarar hadde tatt turen for å sjå nabooppgjeret mellom Fitjar og Njardar/Tysnes. Fitjar-damene opna kampen forrykande og varta opp med flott spel i sommarvarmen. Solid forsvarsspel og mykje bra pasningsspel resulterte i 4-0 leiing til pause etter scoringar av Gro, Elin, Anne Helene og Birte.
I 2.omgang var det ikkje så mykje fart over Fitjar-damene, laget "datt" nedpå og ein fann ikkje tilbake til det gode spelet som prega 1.omgangen. Det blei mykje ping-pong-fotball og ein slapp Njardar/Tysnes inn i kampen. Njardar/Tysnes reduserte 2 gonger og då var det spenning i kampen igjen. Fitjar-damene kjempa godt og hadde mange 100%-sjansar som kunne roa nervane, men det lykkast ikkje å få ballen i mål. Heilt mot slutten scora Gro, og sigeren var vel i hamn.
Neste kamp er borte søndag 1.juni mot Apollo.
Neste heimekamp er søndag 8.juni kl.16.00 mot Nest-Sotra.