I skuggen av jubelen i herrekampen på graset laurdag ettermiddag, kjørte Fitjar-damene over Apollo på kunsgraset, og vann så klart som 9-2.

Fitjar-damene var ute etter revansj mot Apollo, etter at laget tapte sin første kamp for året i forrige kamp. Frå første spark på ballen viste det seg at det er nivåforskjell på topp og bunn i denne pulja.

Fitjar var overlegne i førsteomgangen, der fleire av måla kom etter godt pasningsspel, og Gro Hatlevik var involvert i dei fleste av dei.
Andre omgang blei eit lite antiklimaks der Apollo faktisk scora først og forsvarte seg godt. Men dei siste 20 minutta "gira" Fitjar-damene opp eit hakk og laga 3 mål på slutten.

Alt i alt ein veldig positiv kamp der alle skal ha ros for innsatsen.