Årets frivilligpris gjekk som me tidlegare har skrive, til Fitjar Bygdekvinnelag. Under frivilligsentralen sin førjulssamling i Kultursalen sist onsdag vart prisen utdelt.

Om lag 70 frivillige var samla til denne festen som vart  opna og leia av styreleiar i Frivilligsentralen, Frode Kloster. Deretter vart firhendig klaverspel frå to kulturskule-elevar, Guro Rimmereid og Marie Moldestad Oma, og vart avslutta med klaverstykke av Guro Rimmereid åleine. Dette sette standard for ein fin kveld, der det vart servert god middag, kaker og kaffi.

Frivilligsentralen viste filmsnuttar frå ein del av frivilligsentralane frå nord til sør – der ein fekk innblikk i kor forskjellig dei ulike sentralane sine aktivitetar er. Filmen er utvikla på oppdrag frå Kulturdepartementet og inneheldt helsingar frå både kulturministeren og Odd E. Dørum, fortel dagleg leiar for Fitjar Friviligsentral, Ellinor Austad Bergesen, til fitjarposten.no.

Vidare imponerte Per Drønen ved å framføre Terje Vigen utan manus. Eit godt og levande innslag.

Ordførar Wenche Tislevoll delte ut frivilligprisen til bygdekvinnelaget. Ho la vekt på laget si historie og syslane deira, og deira unike skipar eigne arrangement, har i mange åpr pynta i kyrkja ved hausttakkefest, laga til arrangement ved bueiningar og teke del i store og små arrangement i bygda.

Loddpengane laget har fått inn ved arrangement er gitt vekk til gode tiltak i bygda.

Frivilligprisen har vore delt ut frå år 2000 og er ein plakett med påskrifta: Prisen skal gå til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idear og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og bidrege til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn». I tillegg til plaketten fekk Bygdekvinnelaget ein liten gåvesjekk.

Leiar i laget, Lilli-Ann Drønen, takka på vegner av laget og meddelte at dette var veldig kjekt, og gav ny giv og inspirasjon for laget til å fortsetja.