Gutane reiste kjerringa etter opningstapet mot svenskane, og slo lett det brasilianske laget Colégio Batista med 3-0.

I dagens kamp viste det seg snart at gutane hadde møtt eit lag meir på det nivået dei er vane med. Det brasilianske laget Colégio Batista kjem frå storbyen Belo Horizonte, den tredje største byen i Brasil. Men dei var nok eit lite hakk for svake til å kunna matcha gutane frå Fitjar.

Før det var gått 5 minutt gjekk Fitjar opp til 1-0 på ei fin scoring av Jonas Tislevoll. Og berre 3 minutt seinare la Leif Tore Aarland på til 2-0. Derfrå og inn hadde faktisk Fitjar-gutane rimeleg bra kontroll på motstandarane med det velklingande namnet. Rett nok er 2-0 ei farleg leiing, og spelet jamna seg litt ut etter kvart. Men dei fleste sjansane utover i 1. omgang hadde Fitjar.

Andre omgang starta om lag som den første. Etter nokre få minutt blei Henrik R. Kjelling spelt fint gjennom, og målet var like fint som pasninga. Med 3-0 imot verka det etter kvart som om brassane gav meir eller mindre opp. Dei blei noko ampre mot slutten, og fekk ein mann utvist etter to gonger gult kort for misnøye med dommaren.

Om ikkje kampen var avgjort før, var den iallfall avgjort då. På eit jamt Fitjar-lag var det ingen enkeltspelarar som utmerkte seg spesielt i dag. Heile laget jobba bra, og vann ein velfortent siger. No ser dei berre fram mot morgondagens kamp mot Charterhouse School, ein kamp som teiknar til å bli ein jamn affære, og den vil avgjera kven som får 2.-plassen i gruppa.

Fitjar sitt lag:
Tomas Malkenes, Simon Stokken, Andreas Torland, Nils Ingar Tislevoll, Jørgen Fjøsne, Øystein Waage, Øyvind Fykse Lie, Leif Tore Aarland, Jonas Tislevoll, Tormod Tørnquist og Mats Brakedal.
Innbytarar:
Henrik R. Kjelling, Martin Vestbøstad, Christer Korneliussen, Halvor Larsen og Håvard Dalen.

Kampoppsett og resultat for Fitjar-gutane kan du sjå her:

http://spelprogram.gothiacup.se/index.php/klass?ID=2