
Fitjar Næringsråd, Fitjar kommune og Atheno AS har inngått eit samarbeid for at næringsdrivande i Fitjar skal få tilgang på god og aktuell rådgjeving i den krevjande tida me er inne i.
– Atheno AS skal stå for sjølve rådgjevinga medan Fitjar kommune vil betala tre timar rådgjeving for dei næringsdrivande som vil nytta seg av tilbodet. Næringsrådet skal gjera tilbodet kjent for medlemane i rådet, fortel ordførar Harald Rydland i ei pressemelding.
Hovudhensikten med tilbodet er å hjelpa verksemder med å finna fram til dei tiltak som er aktuelle for dei, og vi legg særleg vekt på korleis bedrifter kan få hjelp til å få tilgang til dei nasjonale økonomiske krisepakkene for næringslivet.
– For mange verksemder og leiarar er det no ein ekstremsituasjon der ein står overfor kombinasjonar av: tap av oppdrag, avbestillingar, permittering og regelverk, likviditetsutfordring og ikkje uvanleg i desse tider – i kombinasjonen med heimekontor, heimeskule og rastlause born. Og sjølv om me no står på trappene til gradvis gjenopning, er det klart at situasjonen framleis er krevjande og uoversikteleg for mange.
– I denne situasjonen er det viktig for Fitjar kommune å bidra, og me vil oppmuntra verksemder til å ta kontakt dersom dei treng hjelp.
– Fitjar kommune tilbyr difor næringsdrivande i Fitjar, både store og små, inntil 3 timar gratis rådgjeving hos Atheno. I tillegg vert det kontinuerleg tilbydd webinar/digitale foredrag innanfor aktuell tematikk. Ta kontakt med Atheno for meir informasjon om dette. Atheno vil rådgje, og det er berre til å ta direkte kontakt.