Etter 25 år med kjøkenet som ein "arva" etter Kafe Iris, skal Fitjar bedehus no få nytt moderne kjøken. Det vart vedteke på årsmøtet for Fitjar Bedehus, nyleg.

-Då Fitjar bedehus vart bygd for 25 år sidan var det eit stort økonomisk løft, og me måtte leita etter område der me kunne spara. Eit godt handslag var det då me fekk overta kjøkeninnreiinga frå Kafe Iris som Borghild og Gjert Hatlevik hadde drive. Den har fungert greitt til denne tid, men no ser me at det trengs ei fornying av kjøkenet. Det vil me arbeida med framover våren og ser fram til å få eit godt, tenleg moderne kjøken, som stettar alle krav og funksjonar som storkjøken. Eit nytt kjøken vil koste ein god del (kanskje mellom to og tre hundre tusen kroner), men me trur at med så mange brukarar frå heile bygda, vil det vera mange i Fitjar som er positive til ei slik fornying, fortel leiar Sylvi Røssland Sørfonn i ein e-post til Fitjarposten.

 

-Årsmøtet var elles prega av godt frammøte og ein god samtale om korleis me best kan leggja til rette for at alle brukarane skal ha det greitt i det fine huset me har, skriv Sylvi vidare, og fortset:

 -Bedehuset er svært mykje brukt av lag og foreiningar. For å nemne barne- og ungdomsaktivitetane, så har me Småbarnstreff, søndagsskule, Barnegospelkoret, S-klubben for jenter, guteklubben, ungdomskoret, Praise Him, skulelaget, IUF og Ten-treff.  Elles er huset mykje brukt til festar, årsmøte, konfirmasjonar, bryllaup, årmålsdagar, slektstemne og minnestunder i samband med gravferder. 

Det nye styret ser slik ut:

Sylvi Røssland Sørfonn
Annlaug Hovstad
Grete Sætre (ny)
Finn Audun Andreassen
Trygve Eiken
Geir Vik (1. vara.) 

- Annonse -

-Styret vil takka alle som på ein så positiv måte tek del dugnadsinnsats og støtte, skriv Sylvi Røssland Sørfonn til slutt.