Torsdag  6. mars inviterer koret til minikonsert på Fitjar bedehus, og i dag var det intens øving før konserten. 36 ungar i alderen 5 år til 5. klasse var på plass.

Fint oppstilt øvde dei i to bolkar, avbrutt av ein pause med frukt, saft, litt springing og andakt ved Annlaug Hovstad. Konserten skal bli gjennomført etter same malen som øvingane, men denne dagen med andakt ved Elisabeth Moldestad. Det er mykje ekte og fin songglede som spirer og gror i koret, under dyktig leiing av Invild Brekke Myhre og Lovise Vestbøstad. Mange gler seg til minikonserten, som etterkvart har blitt ein tradisjon ein til to gongar i året. Familie og venner til kormedlemma er spesielt invitert på konserten, men alle som har lyst til å oppleva barnegospel er hjarteleg velkomne. 

 Fitjar barnegospel skal og opptre på søndagstreff på bedehuset 2. mars kl. 16.00. Då er og alle velkomne.