Fitjar Barnegospel på konsert i mars 2018. Foto: FP-arkiv/KR.

Fitjar Barnegospel fyller 20 år, og dette blir feira med storstilt jubileumskonsert i Fitjar Bedehus laurdag 20. oktober.

– I løpet av desse åra har mange barn vore med på å syngja, og vi håper alle som hatt
tilknytning til Fitjar Barnegospel kjem for å feira saman med oss, skriv Dagfinn Brekke i ei pressemelding.

Konserten vil bli ein hit-parade med songar koret har sunge desse 20 åra. Koret er for høvet forsterka med nokre veteranar, og det vil bli gjensyn med ein del tidlegare solistar.

I tillegg til å feira koret vil konserten også vera ein hyllest til dei mange frivillige vaksne
som har bidratt gjennom desse åra.

– Alle som liker ein fest og god musikk er velkomne, skriv Dagfinn Brekke, som legg til at konserten sjølvsagt er gratis.