Fitjar fekk revansj for tapet i vårkampen då dei banka toarlaget til Austevoll med 6-4 i idrettsparken søndag ettermiddag. Eit Fitjar-lag i haustform tok sin tredje strake siger i dag og banka Austevoll II 6-4. Laget opna godt med stor rørsle i angrepsspelet og tempo på ballen. Roger Almås opna scoringsballet allereie etter 5 minutts spel då han «klinka» innlegget frå Lars Jacob Helland i krysset, praktscoring!

Austevoll sine nest beste mønstra fleire spelarar med erfaring frå Austevoll sitt førstelag, som topper 3. divisjon. Dei var raske til beins og teknisk gode, og skapte farlege situasjonar på overgangar. Fitjar var likevel det førande laget gjennom første omgang, og laget «rulla» opp det eine angrepet etter det andre. Men dessverre utan utteljing, og laga gjekk til pause med ei flatterande 2-1-leiing til Austevoll.
I andre omgang fortsette Fitjar å produsera sjanser, og no kom utteljinga. Fleire av måla blei laga etter godt angrepsspel, og spesielt 4-2-scoringa av toppscorar Thomas Vestbøstad Waage var av den lekre sorten.
Det flotte anrepet blei rulla opp på høgresida, og det presise innlegget frå Jan Åge Tislevoll blei «hamra» i mål på volley av Thomas.
Spelet som det unge Fitjarlaget viste i dag var årsbeste offensivt, og laget har på dei 3 haustkampane scora 19 mål. Då får ein sjå litt imellom fingrane at eit par av baklengsmåla var av den enkle sorten. Heile Fitjar-laget skal ha ros for å ha lagt ned ein kjempeinnsats i dag.