Emma Oline (7) fekk seg ei spesiell oppleving i dag då ho skulle dra krabbeteinene dei hadde satt i sjøen ved Engavikjo.

Emma Oline Helland på sju år, frå Stavanger, er på sommarferie hos besteforeldra i Engavikjo på Fitjar saman med resten av familien sin. I føremiddag då Emma Oline skulle dra krabbeteinene dei hadde satt i sjøen var det ikkje mogleg å finna den eine teina. Etter ei stund skimta dei flotøren ca. ein meter under overflata og klarde etter mykje arbeid å få den ombord i båten. I den tunge teina fann dei berre ein krabbe… men og ein stor torsk på over fem kilo, som var like lang som teina. Det var ikkje rart at teina var vekke…