Eit ektepar frå Selbitz i Tyskland har feriert på Stord no i august. Ein av dagane vart dei inviterte på båttur. Turen starta i Hellandsfjorden med delvis sol og overskya, og god temperatur.

Eit ektepar frå Selbitz i Tyskland, Maria og Edgar, har feriert på Stord no i august. Ein av dagane vart dei inviterte på båttur. Turen starta i Hellandsfjorden med delvis sol og overskya ver og god temperatur. Nord for Teistholmen vart snøret kasta uti, og nokre makrellar beit på kroken. På spørsmål om dei tyske venene hadde lyst til å prøve fiskelykka, stod Maria klar med ein gong. Ho hadde lagt merke til korleis det skulle gjerast og sleppte snøret ut. Snart vart både makrell og sei dregne opp or sjøen til stor jubel. Etter kvart fekk og Edgar lyst til å fiske. Han hadde ikkje same hellet som kona, men fangsten auka no litt. Også lyr vart halt om bord. Då lusueren begynte å bite på, var det tid for å sule opp.

Me kan forsikre om at det var både fiskeglede og fiskelykke hos desse to som aldri hadde fiska i sjøen før. Etter ei kaffipause ved Tongableikjo, vart det ein triveleg rundtur i Fitjarøyane. Også det sette dei stor pris på. «Vielen Dank. Auf Wiedersehen» var det siste me høyrde frå Maria og Edgar.