Fiskefestivalen i Fitjar går i år av stabelen laurdag 9. august.
Det vert standard opplegg, med fiske frå land og båt, samt bryggjefiske for borna.

Auksjon vert det sjølvsagt i år òg, og me oppmodar alle som har noko å gje vekk, vederlagsfritt, om å ta kontakt via e-postadressa vidar@oddlarsen.no eller på mobilnummeret 900 44 825. Me hentar over heile øya.

Fitjar Framøve, som er arrangør av fiskefestivalen, er ein ideell organisasjon, der overskotet vert gjeve til barne- og ungdomsarbeid i Fitjar Kommune. I fjor vart det delt ut 50.000 kroner til lag og foreiningar i Fitjar kommune. Me satsar sjølvsagt på å dela ut endå meir i år!

Me vil òg oppmoda alle som vil bidra med andre ting (song/musikk eller anna underhaldning) om å ta kontakt, slik at det vert ein folkefest for bygda.