Vêrgudane heldt si hand over Fiskefestivalen 2014, men deltakinga og fangstane blei noko mindre enn normalt.

Deltakinga i årets fiskefestival var brukbar, men truleg var det fleire fiskarar som heldt seg heime på grunn av dei trugande vêrmeldingane. Totalt stilte 83 fiskarar opp, 46 fiska frå båt, medan 37 fiska med stong frå nes og holmar. Etter som det var storm i emning, blei det ikkje frakta stongfiskarar til Nordfodno og Matløyso denne gongen. I staden måtte dei finna seg holmar og nes rundt Fodnosen og Teløyo.

Dette var nok medverkande til at det blei moderate fangstar i år, totalt blei det drege opp 182 kg fisk, for det meste makrell, lyr, torsk og pale. Enkelte favorittar, som plar gjera det godt på Håskjeret utanfor Nordfodno, nådde ikkje opp denne gongen. Men den gamle ringreven Per Svein Bukkholm visste kor han skulle få fisk. Han har vore med kvart einaste år i «moderne tid», og denne gongen vann han ein klar siger, med 7,25 kg fisk, som han drog på land i Teløysundet.

I klasse for båtfiskarar vann den gamle kjenningen Oddvin Grindevik ein soleklar siger, med 62 kilo. Juniorklassen blei vunnen av Svein Koløen Sandvik, med 12,75 kg. Den beste stongfiskaren i juniorklasssen dei siste åra, Tobias Hukset, viste seg ikkje i år. Vinnar her blei Lars Iver Havn Soma med 7,05 kg.

Som vanleg kunne publikum forsyna seg av fangstane som ikkje fiskarane ville ha med seg heim sjølve. På denne måten kjem ikkje fisken vekk, noko som alltid har vore positivt på Fiskefestivalen i Fitjar. Nytt av året var at folk fekk filetera fisken på staden, under rettleiinga av kokkeverdsmeister Geir Skeie og andre svært sløye- og fileteringskunnige fijarbuar. Etterpå blei fisken grilla og servert med salat og anna tilbehør. Eit flott tiltak som både unge og eldre såg ut til å setja pris på. 

Dei heldige fiskarane rakk akkurat å få utdelt sine velfortente premiar, gitt av lokale fiskefestivalsponsorar, før regnet og blåsten sette inn, og jaga folk i hus.

Ingressbilete: Emil Sørfonn og Sander Aarskog måtte nøya seg med ein liten makrell etter å ha hatt ein storfisk oppe i fjøresteinane utanfor Fodnavågen. Foto: Kjetil Rydland.