– Straks skulen har starta, startar spørsmåla om når fiskedagen skal arrangerast denne hausten. Dette er ein dag både elevar og lærarar gler seg til. Fredag 31. august blei datoen dette året, fortel rektor Aina Kristin Vestbøstad på Sælevik skule.

Onar Westerheim stilte som tidlegare år både tid og plass til disposisjon, og alle elevane fekk vere med på alle aktivitetane i løpet av skuledagen. Dei 5 aktivitetane var:
1. I båt: Dra garn og teiner.
2. I båt: Fiske med stong. Her blei det mykje makrell på oss i år. I følgje overslag av elevane låg gjennomsnittet på 15 makrell for kvar elev.
3. På land: Opplæring i knutar.
4. På land: Stintefiske. Her blir fisken målt og vegen, og det vankar premie på eleven med den største fisken, den minste fisken og for flest fisk.
5. På land: Matlaging. Koking av krabbe på bål. Sløying og klargjering av fisk til å steike på bål.

– Midt på dagen tok elevar og lærarar ein velfortent matpause der dei åt sjølvfanga fisk og krabbe.
Ein skal heller ikkje sjå vekk ifrå at det vanka makrell på fleire av middagsborda i Sælevikkrinsen denne fredagen, då fleire av elevane gjekk med tungt lasta sekk på heimoverveg, seier Vestbøstad til slutt.

Fleire av elevane er samde i at dette er den kjekkaste skuledagen i året!