I dag har Sælevik skule hatt fiskedag, fortel eit par av elevane i ein mail til Fitjarposten.

«I dag, torsdag 29. september, hadde me på Sælevik skule fiskedag. Me var hos den gamle rektoren vår, Onar Westerheim. Vêret var varmt og fint, men det var litt vind og bølgjer.

Me var delt i 5 grupper og hadde 5 «stasjonar» som me var innom. Me drog garn og fekk m.a. sild, makrell, laks, lyr, flyndre og sei. I teinene fekk med krabbe, sjøkreps, trollhummar og ål. Me fiska frå båt og fekk mykje fisk der og, til og med uer.

Frå land hadde me konkurranse i stintefiske om kven som fekk den største fisken, den minste fisken og kven som fekk flest fisk. Me hadde og ein stasjon der me lærte ulike knutar og ein kjøkkenstasjon der me laga mat til lunsj. Me sløya og reinska fangsten og steikte fisk og sjøkreps på bål. Krabben blei kokt.

Me hadde ein flott dag!»

Helsing Elisabeth Westerheim og Madelen V. Lønning