Grunneigarlaget for Storavatnet i Fitjar oppmodar folk til å prøva fiskelukka, og freistar med utlån av båt og garn.

Som du kanskje har lagt merke til, har det kome opp plakatar på strategiske stader i bygda om fiske i Storavatnet. 

Me har snakka litt med Håkon Rydland Sæbø, som er leiar i grunneigarlaget. Han fortel at dei ønskjer å få fleire folk til å nytta denne kjelda til rekreasjon og matauk.

Etter det me forstår, er dei spesielt interesserte i at ungar skal få oppleva fiske i Storavatnet. Håkon fortel at du kan kjøpa fiskekort hos Odd Larsen AS, Stord Videokiosk, Fitjar Fjordhotell, Sykkel og Sport på Stord og G-sport T. Dahl på Lerivik. Fiskekort kan du og kjøpa hos dei som leiger ut båt, nemleg Fitjar Sjø og Camping, Ole Haukeland, Knut Berge Aarbø  og Håkon Rydland Sæbø.

– Dersom du har ungar under 15 år med deg på fiske, er det gratis å lana båt, fortel Håkon. Han seier òg at to fiskegarn er inkludert. Målet med desse tiltaka er å få meir aktivitet i Storavatnet, fortel leiaren i grunneigarlaget, som minner om at folk må ta med seg redningsvest.

Sjølv har Håkon Rydland Sæbø vore ute med garn fleire stader i år, og har fått brukbare fangstar. I Breiavikjo fekk han fleire aurar på rundt rundt 350 gram. Lenger «oppe» i vatnet var gjennommsnittsstorleiken på auren mindre, men talet større. Røya, som me kunne fiska i tusental på slutten av 1990-talet, glimra nesten heilt med sitt fråvær. Berre eit par stykke har Håkon fått.

No vonar Håkon Rydland Sæbø og grunneigarløaget å nå ut til fiskarar i alle aldrar. Einaste pliktene som følgjer med lån av utstyret, er at det blir levert tilbake i den stand det var. Og at alle som fiskar veg opp fangsten, og tel opp kor mange fiskar dei fekk. Tal og vekt ønskjer grunneigarlaget å få registrert.

– Men me er sjølvsagt meir interesserte i at det blir fiska enn i at fisken blir talt og vegen! seier Håkon til slutt.

Framsidebilete: Midt på 1950-talet var onkel Anton Rydland heime frå Amerika, og fiska i Storavatnet saman med Nils K. Rydland. Som me ser, var det mykje fin fisk å få. Foto: Privat.