Fire fekk beltegebyr og tre mangla førarkort då politiet hadde kontroll mellom klokka 11.00 og 13.00 i Fitjar sentrum, fredag.

– I alt vart 50 bilar kontrollert, og i tillegg til dei som vart notert for manglande beltebruk og førarkort, fekk fem bilførarar munnleg pålegg for manglande lys, fortel operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Fitjarposten.no