Siem Offshore har tinga fire nye supplyskip med design av Wärtsilä Ship Design Norway på Fitjar.

– Wärtsilä er igjen valt som leverandør når Siem Offshore tingar fire nye LNG-drivne forsyningsskip. Leveransen omfattar design og integrering av løysingar til fire LNG-drivne (naturgass) supplyfartøy (PSV).

Skipa skal byggast ved verftet Remontowa Shipbuilding i Polen. Wärtsilä signerte i november 2012 og august 2013 dei to første avtalane om design og utstyr til to VS 4411 LNG PSV til Siem Offshore, og det er nå inngått avtale om ein ny leveranse av design og utstyr til ytterlegare fire skip. Per i dag har Wärtsilä levert design og utstyr til om lag halvparten av skipa til reiarlaget Siem Offshore.

Fartøya blir 89,2 meter lange og skal leverast frå tredje kvartal 2015 til andre kvartal i 2016. Dei skal nyttast i bore- og produksjonsaktivitetar i Nordsjøen. Fartøya får eit mannskap på 25 personar.

I løpet av det siste året har fire viktige oljeselskap, Statoil, Total, Shell og Lundin, valt Wärtsilä sin LNG PSV-design og integrerte løysing for sine tilbod i Nordsjøen.

– Sjølv om VS 4411 LNG PSV er nært i slekt med mange av våre andre PSV-design, har me gjort fleire utbetringar under vannlina, og me har ei von til at nettopp dette designet vil kunne visa til særs gode resultat når det gjeld reduksjon i drivstoff. Ved liknande prosjekt har me sett opp til 15% lågare forbruk av drivstoff, og tek ein omsyn til at skipa også kan drivast av LNG, har dette prosjektet ein særs miljøvennleg profil”, seier Ove Wilhelmsen som leiar Wärtsilä sitt designkontor på Fitjar.

”Siem Offshore er ein viktig kunde for Wärtsilä. Reiarlaget, som blei etablert i 2005, har vakse i eit imponerade tempo og er ein av dei verkeleg store offshorereiarane med 50 båtar i flåten. Me er heldige som får jobba med slike krevjande miljø som driv oss både teknisk og kommersielt”, legg Wilhelmsen til.