Friidrettsgruppa i Fitjar stilte med sju deltakarar på Stordleikane i helga. Igjen var det Tone Sandtorv Brakedal (14), med sine fire gullmedaljar, som imponerte aller mest.

Tone persa i tresteg med 10,93. Det gjev 1013 p etter Tyrvingtabellen og ein 2.-plass på Noregsrankingen i 14-årsklassen (to cm bak førsteplass)!

Vidare noterte me følgjande: – Sterk 60 m hekk (i motvind) med 9,65, berre to hundredelar bak pers, og 1009 p. Her toppar ho frå før Noregsstatistikken. – 8,20 på 60 m gir 1000 p og er også rett bak persen på 8,16. Og 4,79 m i lengde – ikkje så suveren denne gongen, men dei nødvendige 4 cm føre nr to. 
.
Ådne Kongestøl Vik (15) syner at han har eit lite «gjennombrot» rett rundt hjørnet i høgde. Resultatet hans 1,48 m lyg noko, ettersom han hadde hårfine riv med leggane på 1,55 m. Tilløpet sit bra, han får god høgde med overkroppen, men riv med beina. Så det er truleg ikkje lenge før Ådne kan gi seg i kast med dei store høgdene opp mot, og over, 1,60 m.

10-åringane og rekruttane (dei mellom 7 og 9 år) representert ved Marius Torbjørnsen (10), Linnea Vestbøstad (9), Svanhild Vestbøstad (10), Anna (9) og Johannes (7) Sandvik Bø, beit også godt frå seg:

– Høgdedebuten til Anna og Svanhild kom dei begge fint ifrå med 0,95 m.

– 600-meteren til talentfulle Marius vart litt tung der han kom 10-12 sek bak persen med 2.19,73.I samløp med to av dei beste 10-åringane i Noreg vert slikt brutalt, men Marius kom berre 1,5 sek unna pallen.

– Linnea forbetra seg i lengde i høve til sist med 2,63 m, og Johannes hoppa 2,55 m i same øving.