Under Ungdommens Kulturmønstring i Kulturhuset på Stord til helga vil ein kunne oppleve fem ungdomar frå Fitjar på scena.

I første del av programmet deltek Ingvild Oma med ein popballade-låt medan Guro Rimmereid tek del med filmmusikk.

Etter første pause kan ein så høyra Morten Korsvik framføra pop og Lena Skålevik Tislevoll stilla opp med folketonar.

 

I siste gruppe får ein dans/show dance der Inger Muri Slettebø deltek i lag med stordjenta Tiril Einarsdotter.

 

UKM-arrangementet på Stord har med deltakarar frå Stord, Bømlo og Tysnes i tillegg til Fitjar. Det heile finn stad i Stord Kulturhus på laurdag, med start kl. 16.00.

Så gjenstår det berre å ønskja alle våre lokale deltakarar all mogeleg lukke til.