Fitjar fekk heile fire revynummer med i finalen under Revyfestivalen «Berre galskap» som vart avslutta i går. Det vart likevel stryningen Roy Aron Myklebust frå «Gaman» sin store kveld.

Myklebust vann både publikumsprisen, prisen for beste monolog og juryen sin fripris for «Pensjonistturen», ein monolog med overraskande og vanvittig humor som verkeleg fekk lattermuskane til å køyre seg i salen. Med «Juryen sin fripris» er han òg klar for NM i revy på Høylandet 1.-5. juli 2015. – Eg er sjølvsagt svært nøgd, og at juryformannen Per Arne Lynum er førestillingsleiar på Høylandet, gjev tryggleik for at dette var bra, smiler han.

Av dei fire fitjarinnslaga i finalen vart Fitjar Revylag representert med to, og Fitjar Teaterlag med like mange. Dei fekk ein pris kvar. Ole Bergesen og Fitjar Teaterlag fekk presseprisen / Fitjarposten sin pris for beste tekst med «Trengt». I tillegg til god tekst skal han òg krediterast for strålande framføring. Vår fremste revyartist har berre eit utruleg register av uttrykk å spele på.

Fitjar Revylag fekk pris for beste sketsj med «Bulgarsk Slagorkester» der både Ole Bergesen og Henning Wichmann var med, godt hjelpte av stryningen Inge Matias Tvinnereim, som gjorde ein framifrå jobb som orkesterleiar.

Ole André Westerheim gjorde ein glitrande songprestasjon i innslaget om Petter Norhtug sjølv om det ikkje vart pris denne gongen. Beste pris for musikalsk innslag gjekk til Bygstadrevyen og Jenny T. Nylund for Kjostfast, artig innslag og spesielt vakkert sunge. Den beste songprestasjonen stod likevel Marit Norheim Olde for med «Ho Helga datt», men det var utanfor konkurranse denne gongen.

Me lo òg godt av «Telefonselgeren» frå Vossalått. Her møter ein telefonseljar på ei svært snakkesalig dame som held på å baka. Ho snakkar i eit bankande, og så lenge utan avbrot, at telefonseljaren aldri kjem til med bodskapen sin, og til slutt blir så frustrert at han, mildt sagt, slengjer på røyret. Utruleg artig. 

Revyorkesteret var som alltid heilt topp. Det var lyden generelt òg. 

Våre lokal arrangørar skal òg ha mykje ros for eit vel gjennomført arrangement.

Ingressbilete: Prisvinnarar. F.v. Ole Bergesen, Haldor Bringeland og Jenny Mylund, trippelvinnar Roy Aron Myklebust og Inge Matias Tvinnereim som representant for Bulgarsk Slagorkester. Foto: Håkon c. Hartvedt