I det milde haustveret har fleire skoleklassar nytta høvet til å ta seg ein fjelltur. Onsdag drog mellom anna tiandeklassingane ved Rimbareid skule av stad.

Turen gjekk frå Dalshaugane til Sørlivatnet. Vått var det einskilde plassar, men ikkje verre enn at det var heilt greitt å gå. Og det vart som det skulle: Pølsespidding og god mosjon, både for elevar og lærarar.

 

- Annonse -