Det er fint i Breiavikjo om dagen. Vakkert – og varmt i vatnet.

Mange nytta helga til å kose seg der. Nora Helland var ei av dei som likte godt den nye rampen, som gjer det svært greitt, både å koma seg uti og på land att. Elles koste mange seg i slaraffenliv på dei grøne bakkane. Utedassen var òg som han skulle vere då me var utom.

Ingressfoto: Håkon C. Hartvedt