Rett før helga blei det lagt stein i skråninga framfor Rådhuset.

Skråninga ovanfor «Krukkesletto», mot Rådhuset, blir no dekt til med fin stein.

Steinen kjem frå eit grustak i Etne, og arbeidet skal vera ferdig til 17. mai, får Fitjarposten opplyst på velinformert hald.