Sommarturistane har begynt å visa seg ved flytebryggja til Larsen, og dei siste dagane har det lege ei fin skute frå Færøyane.

Fitjarposten tok turen bortom for å helsa på båtfolket. Reiaren heiter Axel Skoubo, og har anar i Danmanrk og på Færøyane. Han fortel på godt forståeleg «heimekonstruert skandinavisk» at han liker seg godt her, og har segla mykje i Noreg dei siste 10 åra, etter at han kjøpte denne flotte skuta.

«Embla» er ein kutter som blei bygd i Tyskland i 1969, og er heimehøyrande på Færøyane. Reiaren har reist mykje langs norskekysten saman med kona, Solbjørg. På tidlegare turar har dei blant anna vore i Nord-Noreg, men denne gongen går turen sørover til Sverige og Danmark, før dei kryssar Nordsjøen til Shetland og Færøyane.

Kutteren har ikkje plass til mykje folk, men reiaren fortel at dei har gjesterom, og «hvor der er gjesterom, er der alltid husrom». Dessverre hadde ikkje journalisten høve til å nytta seg av det denne gongen, men ønskjer dei god reise vidare.