Elin-Marie og Kåre Tyssøy med barnebarnet Andrine Forland Glesnes, la til kai ved Sjøsio seint i går kveld. I dag traff me dei på butikken. -Fin oppleving å koma til Fitjar, let dei.

Dei fortel til fitjarposten.no at dei no berre er på helgetur, men at dei har vore i leia før og vitja mellom anna Brandasund, Engesund og Smedholmen. -På sistnemte plassen fekk eg nesten opp ein steinbit på over 10 kg, minnest Kåre, som hadde fisken i vasskanten før han forsvann.

Dei er overvelda over at dei kan liggja gratis ved det nye kaianlegget på Sjøsio.  -Det er me ikkje vane med frå andre plassar, smiler dei, og skryt over både kaianlegget og skjergarden. -Skikkeleg flott, seier dei til slutt.