Hos Rydland Storfe har dei ikkje vore like hastige etter å komma i gang med slåtten som i Nedbygdo. Dette kjem delvis av at dei meinte graset godt kunne tola å stå litt til. Men og av at dei venta på nytt utstyr, ein flunkande ny finsnittar!

For 42 år sidan gjorde fôrhaustaren revolusjon i slåttonna på Rydland. Då gjekk bøndene i nabolaget saman om den første fôrhaustaren sin, og gjorde mykje av slåtten i lag. Ein del av dei same bøndene driv no samdrift i Rydland Storfe, og har i år teke eit nytt steg framover, om enn ikkje så stort som då dei kjøpte den første fôrhaustaren.

Den nye maskinen av året er ein finsnittar, som kuttar graset endå mykje kortare enn den tradisjonelle forhaustaren. Heilt ned i lengder på 1,5 til 4 cm kuttar maskinen graset. Fordelane med dette er fleire, seier bøndene i Rydland Storfe. For det første vil slåtten gå fortare, og det er jo eit poeng når ein skal rekka over vel 500 mål gras. Ein får meir i tilhengaren, og dermed blir det færre turar med gras i vogna, og dermed litt mindre dieselforbruk. Ein får òg meir i siloane, slik at silokapasiteten blir betre utnytta. Vidare reknar dei med at silioforet blir enklare å handtera; det vil ikkje hengja seg så lett opp opp i transportband etc. Sist, men ikkje minst, reknar dei med å få betre kvalitet på silofôret – og få kyrne til å eta meir silofor.

I dag har dei hatt litt innkjøringsproblem med den nye maskinen, men i kveld har den vore i full sving i Vik. Dei ankar ikkje på at graset har stått for lenge; det ser ut til å vera akkurat rett tid å ta det no. Forhaustaren reknar dei ikkje med å ha mykje bruk for lenger, berre på dei mest kronglete teigane. No slår dei mesteparten av dei 500 måla med ein slepeslåmaskin. Og rundt eitt døger etterpå haustar dei inn graset med finsnittaren.

Med ei investering på godt over eitt hundre tusen håper bøndene å få fart på slåttonna – og få vel fornøgde kyr til vinteren.