Fitjar Idrettslag skipar til Finn Fram-dag i Rossneset i dag, søndag, klokka 13.00.

Det er Øyvind Skålevik i orienteringsgruppa som fortel at dei arrangerer FINN FRAM-dag i Rossneset i dag klokka 13.00. Saman med Rolf Arne Rolfsnes og andre eldsjeler håper han at flest mogeleg nyttar høvet til å bli kjent med naturen og o-sporten.

Opplegget er enkelt  og er berekna på familiar med barn i alle aldrar. Frammøte ved klubbhuset, Fitjar Idrettspark, klokka 13.00. Deretter går turen utover Rossneset, der det er lagt ut o-postar med naturspørsmål. Ved benken ute i skogen blir det grilling og gratis pølser.

Idrettsskulen har hatt orientering på programmet to gonger no i mars, og dagens opplegg blir ei enkel vidareføring. Så det er berre å håpa at regnet kan halda seg unna ….