Fitjar idrettslag si Orienteringsgruppe inviterte til tur.

Terrenget opp til Surefjell er lagleg for små og store. På ein del av vegen er det mogeleg å kome fram med barnevogn også. Kvileplassar med bord og benk gjev høve til gode pauser eller venteplass for dei som ikkje vil gå til toppen. Mange møtte opp ved Øvrebygda skule for å bli med på tur i dag. Orienteringsmateriell var til sals på startplassen ved Ospehovdavegen. Undervegs kunne ein finne både turorienteringspostar og oppgåver med vanlege spørsmål. Løypa var lagt slik at ein kunne følgje stien oppover og gå vegen ned att. Idrettslaget frista med gratis pølser til alle som kom seg opp til toppen, der det er flott utsyn i alle retningar.

Som nemnt i Fitjarposten tidlegare, starta o-sesongen i slutten av mars. Det ser ut til å vere stor interesse for denne idrettsgreina.

Føremålet med Finn fram-dag er å skape interesse for kart, kompass og friluftsliv. Dagen vart arrangert for første gong i 2002. Etter kvart har talet på arrangørar og deltakarar berre auka. Norges Orienteringsforbund tilbyr materiell og hjelpemiddel slik at ein kan få til spennande og morosame Finn fram-dagar. Dagen i dag vart ei fin oppleving for alle familiane som deltok.