O-gruppa i Fitjar IL inviterer til Finn fram-dag for heile familien kommande søndag. Turen startar frå Øvrebygda skule mellom kl. 12.30 og 13.00 og går til Surefjellet.

Det blir postar med spørsmål undervegs og gratis pølser til alle på toppen, men ein må ta med drikke og eventuelt tursjokolade sjølv. Turen går forbi nokre turorienteringspostar, og ein kan få kjøpt posen med turorienteringsmateriell om ein ønskjer før start. Løypa har nokre våte parti, så det er kan vera lurt med fjellsko eller støvlar. Styret i o-gruppa ønskjer alle velkommen til ein fin tur, og tilbyr òg enkeltinstruksjon til dei som ønskjer dette.

O-sesongen er godt i gang, og i det første løpet i Fitjarkarusellen som gjekk frå kunstgrasbanen 27. mars var det heile 50 deltakarar. Det andre løpet gjekk sør for Svartsmogvegen sist tysdag. Dette var rankingløp for heile Sunnhordland med ca 70 løparar totalt, derav 13 fitjarløparar.

Onsdag 2. mai vert neste løp arrangert med start frå Tveitasago. Her blir det både nybyrjarløype og ei litt vanskelegare C-løype i området ned mot Tveitafossen, og ein kan starte frå kl. 17.30. O-gruppa ønskjer alle velkommen og håpar på god deltaking også her.

meilleur steroide anabolisant