Førstkomande søndag skipar o-gruppa Finn fram-dag i skogen sør for Svartasmoget.

Fitjar IL held oppe tradisjonen og inviterer til Finn fram-dag i år òg, fortel Rolf-Atle Rolfsnes i o-gruppa. Denne gongen blir det to utgangspunkt, du kan anten starta frå Svartasmogsvegen eller frå Sælevik. Samlingsplass blir på skogsvegen ved Skutesmogsåsane, omtrent midt mellom, og det er ca 1,5 km å gå.

Langs skogsvegen blir det postar med spørsmål, og ved samlingsplassen blir det ein liten premie til alle borna. Her blir det òg gratis pølse til alle, men ein bør ta med drikke og ev. anna niste sjølv. Det blir tilbod om ei nybyrjarløype på ca 1,5 km rundt Straumhaugen og ei slalomløype mellom trea ved samlingsplassen. Rolf-Atle minner om at dei som ønskjer det kan kjøpa årets turorientering. Som lokalkjende folk tør vita, er det kanskje ikkje så veldig lett å trille barnevogn til og frå samlingsplassen, men det går nok bra om ein vil.

Månadens post for mars og april ligg berre 100 meter frå samlingsplassen, og alle som deltek på turen kan sjølvsagt skriva namnet sitt i boka og vera med på trekkinga av månadens premie.

I fjor arrangerte o-gruppa Finn fram dag til Surefjellet i fint ver, og rundt 70 personar deltok. Meir om den turen kan du lesa her.  I år er det planlagt to Finn fram-dagar, den neste blir til Tveitafossen søndag 9. juni, fortel Rolf-Atle Rolfsnes, som ønskjer velkommen til fine turar i skogen.

Formålet med Finn fram-dagen er å skapa interesse for kart, kompass og friluftsliv. Dagen vart arrangert for første gong i 2002. Norges Orienteringsforbund tilbyr materiell og hjelpemiddel til slike tilskipingar ute i naturen. Rolf-Atle Rolfsens og o-gruppa i Fitjar Idrettslag vonar på godt ver komande søndag, og at mange finn fram til skogsvegen mellom Svartasmoget og Sælevik.