O-gruppa blei velsigna med godt ver og god deltaking under Finn Fram-dagen søndag.

Det blei ein flott vårdag då o-gruppa inviterte til Finn Fram-dag søndag. 50 små og store fann fram til Dalshaugane og vart med på ein flott dag på fjellet. Turen gjekk på traktorvegen mot Sørlio, og kvar familie/gruppe skulle innom sju postar før dei stoppa like før Skjeningetjødno.

På kvar post var det to spørsmål som måtte svarast på, og ein bokstav som skulle noterast. Her fekk deltakarane testa kunnskapane sine om både fuglar, fiskar, dyr, blomar m.m., og ein måtte tippa tyngda på ein stein, lengda på eit tau og tal på nonstop i eit glas. Det vart premie til dei to laga med flest poeng, og gratis pølser og saft til alle.

Etterpå var det ordentleg o-løp med elektroniske postar og kontroll/tidtaking i brikkar som kvar løpar/gruppe hadde med seg rundt den 1,4 km lange løypa. Etter god innsats fekk alle lese av brikken sin for å sjå kor lang tid dei hadde brukt. Alle fekk òg velja seg ein premie.

Det var òg sal av turorienteringsposar, og fleire nytta høve til å ta tur-o-postar på veg ned att til parkeringsplassen.

O-gruppa er fornøgd med frammøtet, og håpar at alle hadde ein fin tur. Dei ønskjer òg velkomen til rekruttløp ved Tveitasaga allereie komande torsdag, løp ved Svartasmogvegen tysdag 11. mai og nytt rekruttløp ved Dalshaugane torsdag 20. mai.