I tida 3. – 7. oktober vert det enno ein gong besøk av Finn-Arne Lauvås på Fitjar Bedehus.

– Finn-Arne Lauvås (fødd 1950) voks opp i Mo i Rana utan nokon kristen bakgrunn, men blei omvend 24 år gammal. Sidan 1977 har han vore i heiltidsteneste med evangeliet.

Han vart frelst og løyst av Jesus Kristus gjennom 17 månader på Blå Kors institusjon etter fleire år med rusproblematikk. Familien, kona Gunn og tre vaksne søner, er busett i Skudeneshavn på Karmøy.

Lauvås har skrive mange songar. Dei fleste er gitt ut på CD-er. Mest kjent er kanskje «Jesus har frelst min sjel»eller «Nå er jeg på vei til himlens land» som den og vert kalla. I tillegg har han og skrive ein del bøker om det nye livet i Kristus, og Jesus Kristus er temaet i forkynninga, heiter det i ei pressemelding.

Sjå elles plakatar med tidspunkt for møta.